Jump to content
Sykepleiediskusjon

Skeide

Members
  • Posts

    2
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Skeide

  1. Hei alle sammen! Eg er nå midt i bachelor-oppgaven, og ser virkelig mot slutten av eit 4-årig langt utdanningsløp (på deltid) mot å bli sjukepleiar. Oppgåva skal leverast den 14. juni, ja, noko seinare enn kva det ofte har brukt å være. Samtidig har eg sidan september i fjor vert ansatt på Kirurgisk sengepost i ei 18 prosent stilling som assistent, med binding til å jobbe sommaren i år som sjukepleiar, noko som gir meg ein bonus på 30.000,-. Med tanke på at eg leverer bachelor-oppgåva mi først i midten av juni, og startar i denne sommarjobben rundt 20. juni, vil eg trolig ikkje ha fått autorisasjonen før det har gått vertfall 2-3 veker ut i ferien, og kanskje tar det lenger tid også, sidan det er midt i ferien? Tanken min er at i denne perioden kan eg ikkje gå som noko anna enn assistent i avdelingen, til tross for at eg ut i frå kontrakta skal jobbe som sjukepleiar desse vekene. Kva blir rett og feil i forbindelse med denne avtalen? Lønn vil også berre bli gitt som assistent inntil eg kan framvise gyldig autorisasjon - og det er ingen muligheit for etterbetaling av eventuelt sjukepleiar-tillegg for foregåande veker. Dersom eg blir spurt om å utføre ei "sjukepleie-prosedyre", kan eg da nekte å utføre denne fram til eg har fått gyldig autorisasjon, og sidan eg heller ikkje får betalt for å gå som sjukepleiar?
×
×
  • Create New...

Important Information

Privacy Policy